Mønsteret fann eg i eit gammalt Lanetthefte som eg kjøpte på midten av 70-talet.Den er strikka frå halsen og ned og derfor nesten fri for montering.
Har strikka ei halv ullbukse i samme garnet ,men den ligg no godt gøymt under bordet og der blir den nok liggande for Daletta var ikkje noko godt garn å strikke med(mi meinig då). Det er lite tvinna så det delte seg mykje og er veldig lite "elastisk" så strikkinga vart veldig ujamn. I staden for handstrikka ullbukse har eg no bestilt ei maskinstrikka så Oscar skal nok ikkje fryse til hausten når han skal i barnehagen.