mandag 27. september 2010

Lite blogging men mykje strikking.

Kjem liksom ikkje i gong igjen med blogginga etter den lange pausen eg hadde i sommar. No får eg ta meg skikkeleg sammen og gjere eit nytt forsøk. Men om eg ikkje har blogga så har eg strikka. Fekk eit lite hint om at borneborna måtte ha sokkar til vintren og då fann eg fram kassen med restar og det har eg mykje av.

her er først OSCAR sine.
KEVIN

GWEN

Så 6 par til ei lita jente som eg ikkje er bestemor til men som ikkje har nokon som strikkar til seg.
Eg fekk brukt 785 g med restegarn av Silja og Sisu, så det har minka godt i restekassen min.


OLIVER .
Dei er såpass store at der brukte eg ikkje restar. Dei er strikka i Labbetuss,Silja ogRagg soft.







onsdag 1. september 2010

Sommarsokkar.

Strikka dei tidleg i vår, la dei til sides og der vart dei liggande.No er sommaren slutt og sokkane er ubrukte, så no får dei ligge til neste sommar. Så får eg prøve å hugse på å bruke dei då.
Strikka i Safran bomullsgarn. Jordbær og blad er strikka i restar av bomullsgarn.Mønsteret står i ei bok som heiter Fabelaktige føtter og koselige tær.Ei bok med 25 ulike sokkemønster.
4 par herresokkar som eg har strikka til ein som frys på føtene.strikka i Treskogarn og Mor Åse raggagarn.