lørdag 16. april 2011

Jakke til Emilie.

Emilie er ca. 9 mnd og jakka er strikka i 1 år så kanskje er den litt stor. Den er strikka i Dale babyull på pinnar nr 2.5. Mønsteret fann eg i eit gammalt Lanetthefte og det heiter Oslo. Gjekk tom for kvitt så hua måtte vere lilla.

søndag 10. april 2011

Strikking og fisk.

Har strikka to nye restegarntepper til Nepal. Det øverste er av restar av Smart,Rubin ol. Det grøne er strikka i Babyull. No har eg så lite restar igjen at det er ikkje nok til eit heilt teppe. Litt små sokkar og huer av tynt ullgarn.
Tova sokkar og huer i litt tjukkare ullgarn. Dei tova sokkane er det ikkje eg som har laga men dei får vere med på bildet likevel.
Og så nokon enkle huer. No skal alt pakkast og sendast her, så blir det pakka om sendt vidare til Nepal.
Våren er endeleg komt og sånn såg dammen ut Torsdag kveld. Det første som dukka opp når isen forsvann var ti daude fisk. Då rekna vi med at ingen av dei hadde overlevd vinteren ,men Torsdag morgon såg vi dei 4 minste fiskane som sumde rundt i vatnet.
No er det berre å vente til det blir sommar og det ser sånn ut. Det GLEDAR eg meg til !!

søndag 3. april 2011

Pepitarutete sokkar.

Strikka i Silja på pinnar nr 3 .Brukar vanlegvis pinnar nr.2.5 på Silja ,men er glad eg brukte nr 3 denne gongen for ellers hadde dei blitt altfor faste og tronge. Dei passar heilt perfekt på foten min , men dei skal ikkje takast i bruk no men leggast til side for dei kjem nok til å bli ei bursdags el julegåve.
Mønsteret står i denne boka som eg fekk til jul. Med tida skal eg nok strikke meir av det som er i denne boka.