mandag 7. desember 2009

Eg har handla på QXL.

Eg prøvar å holde meg vekke frå QXL for der er altfor mykje som eg har lyst på , men av og til så må eg berre handle litt.Denne gongen vart det julekuler som ikkje er av heilt ny dato.Tykkjer alle desse er fine ,men konglane er vel dei eg likar best. Har kjøpt litt anna og men har ikkje fått teke bilder av det endå så det får komme seinare.

søndag 6. desember 2009

Eit strikkeoppdrag.

Har omsider fått ferdig eit strikkeoppdrag til.Det har forresten vore ferdig ei tid men som vanleg var det knappane som mangla , men no er dei på plass og denne gongen vart det treknappar.Så vart det djevelhuer (der er to)for dei hadde eg liggande ferdigstrikka frå ein gong eg lagde mange sånne.Alt er strikka i Dale babyull og mønsteret på jakka er frå eit Dalehefte.No skal det pakkast og sendast og eg håpar at eg får gjort det før ho som skal ha det ringer og etterlyse det.

onsdag 2. desember 2009

Fridag og besøk.

Annakvar onsdag har eg fri i og dag var ein sånn dag.Hadde tenkt å sove lenge og berre slappe av men den som bråvakna kl ti over fem og var heilt sikker på at eg hadde forsove meg det var eg.
Etter litt fram og tilbake klarte mannen i huset og overbevise meg om at det var fridagen min så då var det berre å tusle seg til sengs igjen.
Utpå dag kom Oliver på besøk.Han hadde fri frå barnehagen og ville gjerne opp her.Han hadde på seg "jul i svingen-hua"som eg strikka til adventskalendaren.
Vi har bittelitt snø så kjelken måtte leitast fram og prøvast og så måtte han herje litt med Bella og som vanleg så er ho heilt med på leiken.

søndag 29. november 2009

Nei dette fekk eg ikkje til.

Den andre monsterbuksa er ferdig og eg er like misfornøgd med denne.Kjem nok ikkje til å bli laga fleire sånne av meg.
Eg hadde bestemt meg for å ta igjen den rosa og ta vekk monsteransiktet men fann ut at det tok for lang tid.Så i staden laga eg den blå lik ,men med mindre munn.
Eg likar dei best på framsida.No skal eg pakke dei inn og prøve å gløyme heile greia.Håpar blånissehua som eg strikkar på blir meir vellukka.




onsdag 18. november 2009

120 pakkar...

...er klare til 5 adventskalendarar. Har fått litt hjelp både til innkjøp og innpakking.Her sit ein fornøgd Oliver og gledar seg til advent.



lørdag 14. november 2009

5 små lange.

5 små lange som skal bli pakkar i adventskalendarane.Det små til venstre er strikka i Fabel, det rosa i Rubin og dei andre blå i Labbetuss.Veit ikkje om borneborna blir så veldig glad for strikkasokkar i kalendaren , men i lag med litt snop så går det vel.

onsdag 11. november 2009

Tur.

Ja no er halve ferieveka gått og eg har ikkje gjort anna enn å strikke litt og lage mat. Så i dag fann eg fram joggeskoa og tok ein tur i skogen.Tok ein anna veg enn den som vi brukar på hytta. Ein som ikkje er så bratt og tung å gå. Eit stykke oppe i skogen fann eg denne kosten som hang i eit tre. Veit ikkje heilt kven som kostar i skogen eg. Nissen ?
Turen enda her(som vanleg) .

På veg heim kom sola fram.

Neste gong eg skal på tur skal eg ta med litt mose heim for denne var så grøn og fin. Og no lurer eg på om eg må kjøpe meg nytt kamera.Tykkjer bildene blir så utydelege.Når eg ser dei store på skjermen er dei klår og fine og så små som dette så er dei heilt forandra. Nokon som har eit godt råd ??