tirsdag 17. april 2012

Tunge tider.

Det har vore ein lang og tung vinter etter at mannen i huset døydde brått og uventa i slutten av November. Etter 37 år i lag vart det brått slutt. Born ,borneborn og familien ellers har vore til stor trøyst i denne tida. No ser vi fram til sommaren for då kjem dotter og tre borneborn som bur i utlandet heim på ferie .Det gledar vi oss stort til. Heldigvis har eg helde fram med strikkinga mi og eg trur nok at den og har hjelpt meg gjennom denne vinteren.Her kjem det meste av det som eg har strikka etter jul. Strikka ein del som vart julegåver , men det vart ikkje teke bilder av. Denne gensaren var ei bestilling frå ei svigerinne og den skulle vere ein 65-års presang til eine bror min.strikka i Silja på pinnar nr.2.5. Tok litt tid men ferdig vart den og passa perfekt ifølgje mottakaren.
Presangen frå meg var desse sokkane +litt til. Dei og strikka i silja.


Oscar måtte ha nye barnehagevottar og dei måtte vere heimestrikka. Eg tenkte at no når han er 2.5 år og har litt større hender så skulle eg tove dei litt så dei vart litt tettare og varmare. Hadde ikkje mønster så det måtte eg lage og det vart strikka fleire par før eg laga eit som passa. Her er eit par før det er tova.



Dette paret vart for mykje tova og altfor tjukt for små hender.



Omsider klarte eg å få til eit par som var passeleg stort og passeleg tova. strikka to par til men dei har eg ikkje bide av.


3 par lange sokkar som alle er strikka i Silja og som eg har gjeve vekk. Mønster til sokkane har eg funne litt her og der i dei mange hefta eg har. Fikk "fot " i julegåve som gjer at det blir mykje enklare å ta bilder av lange sokkar. fikk "hovud "og . Det skal de få sjå når eg har strikka hue eller hals.










3 par Raggsokkar. Ikkje så mykje å seie om dei.


3 par mønstersokkar som er strikka i Silja. Mønster frå bøker og hefter som eg har mange av.


Desse blir nok jule eller bursdagsgåver.










Eit par av restar. Det fleirfarga er Labbetuss og det rosa er Silja.



Eit par til i Silja og desse og blir nok presang ein gong.



Eit teppe som skal til Nepal. Hadde noken nøster som eg har flytta frå den eine korga til den andre lenge. Fann ut at no er eg lei av dei så eg må bruke dei og strikka dette teppet. Litt triste fargar men eg fikk brukt opp det meste. Har eit svart nøste igjen og det skal eg nok få brukt ein gong. Teppet er ca 1x1m.




Dette teppet var og tenkt til Nepal men sidan eg har eindel av den raude fargen som er rundt alle rutene så lurer eg på om eg skal lage det større og ha det sjølv.Kunne nok passa på hytta.


Hmm..må tenkje litt på det. Sånn som teppet er no er det ca 1x1m.



Teppet er hekla i berre ullgarn. Det raude er noko eg kjøpte då eit gammalt garnutsalg (som ikkje hadde vore ope på mange år) skulle selje ut alt for huset skulle seljast. Mykje billeg garn og eg anar ikkje kor mange kilo eg kjøpte men det vart mange bossekkar.




Endå eit teppe som eg hadde tenkt skulle sendast til Nepal , men som eg alt har bestemt at eg skal bli større og bli mitt. Det blå er samme garnet som det raude over og eg har eindel meir av det.



Siste teppet var det første eg hekla og det er 120x200 m.




Det kvite er det 100 % ubehandla ull og det samme garnet som det raude og blå på dei andre teppa. Det andre som er brukt er berre restar.




Her er litt av det som er brukt på teppet .Eg har teke vare på alle restar som er over 1m for dei kan brukast til oldermorruter.



I dag har eg hatt min første tur på hytta. Det var mykje snø , men den var hard så trugane som står ved hytteveggen vart ikkje brukt.















































10 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så koselig å se deg her igjen. Jeg har jo fått med meg hva som har skjedde via Evanger-damene og har tenkt masse på deg denne vinteren.

Så godt du har strikkinga. Det var sannelig masse flott du har laget også da. Flotte farger, sånn lyser opp en ellers trist hverdag.
Kos deg med vår, sommer, barn og barnebarn.

Klem fra Toten.

Orlaug sa...

Det var kjekt at du er tilbake på bloggen.Har venta på dette innlegget:)
Når eg ser alle dei fine sokkane, er eg i tvil om du finn nokon nye mønster i dei eg har samla til deg, men det vil vise seg.
Kjempesmart med den nye "foten".
Ha ein god dag!

Romantikk-takk. sa...

Det er godt å ha masse å gjøre i en slik tung tid og du verden så utrolig mye flott du har tryllet frem. :)) Tenker på deg.
Bamseklem fra Mette.

Strikkebesta sa...

Så trist å lese at du har misst mannen din, sender deg kondolanse og mange varme tankar. Eg har sakna deg her i bloggeverda, men forstår no kvifor du har vore fråverande. Som vanleg har du strikka mykje fint, og kjekt å sjå at du har vore innom hytta, eg hugsar at du er glad i den plassen

Sidselsidserk sa...

Trist å høre at du har mistet mannen din. Når man har levd sammen i så mange år blir det vanskelig å fylle tomrommet, og da er det godt å ha familien sin rundt seg.
Du har i alle fall hatt fullt opp på pinnene for her var det mye og mye flott strikk. De lange strømpene dine er nydelige!
Når det gjelder engelske mønster så ser de "gresk" ut til å begynne med, men etterhvert går det seg til.
Ønsker deg en fin lørdagskveld - klem herfra

Linda sa...

Kjekt å sjå at det står til sjølv om at du har hatt det tungt i vinter. Har tenkt på deg fleire gongar. Har venta litt på oppdatering...med masse fine labbar. Mykje fint har du strikka i vinter. Klem Linda

Stine sa...

Utrolig mye flott du strikker! Du gir uttrykket masketerapi en helt ny mening <3 Takk for tips når det gjelder sokkene, øvelse gjør mester :)

Romantikk-takk. sa...

Hei.
Jeg måtte innom deg en tur igjen jeg,det er så mye lekkert å se på her,flinka. :)) Håper du har det bra.
Klem.

MIRRA sa...

Så trist lesing, kondolerer så mye. Håper det går bra med deg, ja det er sannelig trist når man mister sin kjære. Sender deg mange varme tanker. Du har sannelig strikket masse vakkert, nydelig håndarbeid som vanlig. Du er så flink, tenker at de som får tingene fra deg er meget imponert som meg.
Det er sannelig koselig å se deg her inne igjen, håper du får en flott helg. Varme tanker til deg fra meg.

Rigmor S Volden sa...

Så mye flott å se, bare nydelige håndarbeider :) så flink du er :)