mandag 22. september 2008

Fjelltur

Fredagskvelden på hytta fann vi ut at lørdag skulle vi ta oss ein skikkeleg fjelltur .Vi starta dagen med ein solid frukost .Det var meldt fint veir så vi pakka fiskestong , utstyr til å fyre opp bål og heldigvis kvar si ullskjorte .
Då vi hadde gått eit stykke kom vi på at vi hadde gløymt fyrstikker så mannen ville gå nedigjen og hente . Eg tok sekken og rusla vidare. Hadde ikkje gått lenge før eg møtte han her.Må innrømme at eg ikkje likte så godt å ha han so nær(ca 20 m).
Vi møtte han igjen fleire gongar .

Litt energi må ein ha innimellom

Her ser vi litt av breimsvatnet langt nede (litt dårleg bilde)




Fine haustfargar.


Her ser vi nesten heimigjen .




So var vi framme .Her ligg 7 små vatn på rekke . Noken av dei er fisk i , men vi kunne gløyme både fisking og bålbrenning for det var så kaldt .Prøvde oss på litt fisking men etter få minutt hadde vi "naglebet ". Då var ullskjorta god å ha . Då var det og slutt på batteriet på kamera så det var berre å gå heim. Neste gong skal eg lade kamera før vi reiser og ha med meir kle(og ikkje stole heilt på veirmeldinga).












7 kommentarer:

Linda sa...

nei fy flate, eg trur eg hadde tissa på meg om eg hadde møtt dinna "fyren" oppi skauen...
hylt, tissa på mge og lagt på sprang heimatte....

Mormor sa...

Vakre høstbilder i en storslagen natur. Men jeg forstår godt at du følte deg litt beklemt av møte med den raggete karen. Tror nok jeg hadde snudd og gått andre veien ja.

Trollkåno sa...

Va no jammen verdt å fryse litt når de fekk helsa på den "staskaren"!!

Ingrid sa...

sanninga er at eg gjekk (fort)bort til ein stooor stein ,klatra opp på den og stod der til mannen kom igjen.Han lurte på om eg hadde sett bjørn (morsomt)

Woolaway sa...

opp på ein stor stein? får vi hjortesteinen og no då, sån i stil med den bjørnestein'en.. huska ikkje heilt ka den heite eg.. den gedigne steinen..

Ingrid sa...

du tenke sikkert på KJERRINGESTEINEN .det var eit reinsdyr eg møtte also .

Woolaway sa...

hjort-reinsdyr, mus-rotte.. hihihi hest-esel...

kjerringesteinen ja!!! det va den eg tenkte på...