onsdag 19. november 2008

Løkane er planta

I går bestemte eg at uansett veir så skulle løkane plantast i dag. Eg angra litt når eg såg korleis veiret var , men eg trossa regn og vind og fann fram termodressen og sette i gong.Lurte på om jorda var frosen men det var den ikkje og med ein plantespade (brukast til å plante tre med) så gjekk det heilt fint.
Veit ikkje heilt korleis det går med løkane for ein del av dei var begynt å spire .
FERDIG !!!

Eg har visst litt andre ting som må gjerast ute før vinteren kjem for alvor


Eg har fri i dag og god tid så hønene fekk litt "god" mat.

Til slutt var det småfuglane sin tur. Dei fekk villfuglfrø.

Solsikkefrø i store mengder.











1 kommentar:

Linda sa...

Du e flinke du!!!
blir nok fine til våre uansett, skal bli spanande å sjå!!!

Chris e lilla av misunnelse for snø'en..

Ps; Gwen snakka framleis om "snilde besten og bestemora" som va her... det ekje andre bestemora, det e snilde bestemora... so dåkke har gjort inntrykk!!!