lørdag 10. januar 2009

Endeleg

har eg teke meg på tak og heve ut jula. Det er fint med julepynt og julenissar men fy kor lei ein blir av dei .Eg har helde på i fleire dagar og i dag kunne eg legge på vaska og nystrøkne dukar. Godt å få tilbake det gamle og vante.Uff dette bildet var frykteleg dårleg !
Porselensdokkene er komt framigjen på plassane sine.















Desse englane fekk eg til jul og dei skal sleppe å bli pakka vekk.Har igjen å henge opp noken gardin men det tar eg i mårå for no har eg teke kveld.Ute bles det så huset rister og det skulle visst bli verre utover kvelden.Kanskje blir det soving i kjellaren i natt . Håpar berre at det meste klarar seg gjennom natta.











4 kommentarer:

Trollkåno sa...

Dei er flotte,dei dokkene dine.
Og englane òg.....
Bles litt her òg, men ikkje noko som plagar oss (endå).
God helg!

Rosa sa...

Det var jammen fine englar! Og dokkesamlinga di er så flott!

Håpar de alle kan sove trygt og godt der oppe på toppen i natt.

god helg vidare!

Linda sa...

Dei er so flotte dei dukkene dine.. den grøne som står i gangen er berre nydelig!!

skkert godt no som jula er rydda vekk.. men det er no kjempekoselig med julepynten då..;)

Ingrid sa...

Den store grøne er kjøpt på markedet i Rotterdam !!