lørdag 31. januar 2009

TREG ????

JA det har eg vore i det siste. Har brukt mykje tid i trådkaoset mitt og tida har gått altfor fort.Desse to awardane fekk eg av trollkåno for ei tid tilbake.No er eg forferdeleg dårleg på desse awardane og i tillegg har eg veldig få bloggar eg er fast innom. Men denne siste vil eg gje vidare til strikkesaken.Litt fordi ho er dotter mi,litt fordi ho er ein racer å strikke , men mest fordi ho viser så mange fine bilder av barnabarna mine.



torsdag 22. januar 2009

Ny gensar

til Oliver (barnebarn nr2). Har strikka den i Smart og mønsteret er frå ein smartkatalog. Så er det vel ingen som ser at halsen er litt mørkare grå enn resten av det som er grått. Sånn kan det gå når ein har fleire ting på gang på samme tid. Innimellom gensaren heldt eg på med grå/blå stripete sokkar og i farten tok eg feil gråfarge , men eg fann ut at det viser ikkje så mykje så eg tok det ikkje oppigjen . Planen var at den skulle vore ferdig til sist lørdag for da feira vi 5.årsdagen hans men det nådde eg ikkje.
Trur det passar fint med syklistar til han som køyrer motorsykkel sjølv .
Her er eg begynt på gensar til barnebarn nr 3 . Mønsteret vil eg ikkje vise for mora er innom her ofte.
Og i dag har eg prøvd meg på brødbaking igjen. Trur eg har laga meg ei oppskrift som fungerar. Det ser iallfall bra ut og det luktar nysteikt brød i heile huset. Det er god lukt det !!!!!






tirsdag 20. januar 2009

Varme sokkar

Har strikka 4 par lange sokkar til to hestejenter. To par skal vere her i huset og dei to andre er på vei til Lier .
Har brukt denne tråden og den kjem eg aldri til å kjøpe meir av.Den var full av knutar.
I går fann eg noke fiiin tråd i trådkaoset mitt.Den er 60% bomull og 40% superwash ull. Den er veldig mjuk og fin.

Det er nesten 1 kg av den og no lurer eg på kva eg skal bruke den til. Kanskje eit babyteppe ?






mandag 19. januar 2009

TRÅDSORTERING

I november i fjor så fekk eg eit tips om ei annonse i ei avis .Der sto det at ein nedlagt trådbutikk skulle selje all tråden.Eg bestemte meg fort for at dette ville eg kjøpe så eg bydde seljaren ein sum som han var fornøgd med. Dagen etter reiste vi med to stasjonsvogner + ein hengar og fylte dei heilt stappfulle med tråd.
Kassar og sekkar fulle med tråd. Det går nok ei stund før eg veit kva som er i alle kassane for her er noken tusen nøster.
Denne kom fort opp i hylla mi.Den er lilla og fin til å tove med.

Dette er bomullstråd .Eg kan nok strikke noken kjøkkenklutar av dette!

Og tråd som eg aldri har sett før.Ein del kjem eg nok aldri til å bruke sjølv så den sel eg til andre.

Desse pakkane har eg vore på posten med i dag. Dei inneheld tråd som eg ikkje kan bruke til noke men det er heldigvis andre som vil ha den .







lørdag 10. januar 2009

Endeleg

har eg teke meg på tak og heve ut jula. Det er fint med julepynt og julenissar men fy kor lei ein blir av dei .Eg har helde på i fleire dagar og i dag kunne eg legge på vaska og nystrøkne dukar. Godt å få tilbake det gamle og vante.Uff dette bildet var frykteleg dårleg !
Porselensdokkene er komt framigjen på plassane sine.















Desse englane fekk eg til jul og dei skal sleppe å bli pakka vekk.Har igjen å henge opp noken gardin men det tar eg i mårå for no har eg teke kveld.Ute bles det så huset rister og det skulle visst bli verre utover kvelden.Kanskje blir det soving i kjellaren i natt . Håpar berre at det meste klarar seg gjennom natta.











søndag 4. januar 2009

2009

var ikkje så mange dagane før eg hadde gjort min første trådhandel. Når Spar Kjøp har 20% på tråden då er det berre å slå til .Her skal det bli sokkar !!!
Og for å vise at eg faktisk brukar tråden så tar eg med bilde av årets fem første par . Det raude paret skal ut på tur ein av første dagane i lag med noken andre strikkating som var bestilt før jul. Eg spurte Oliver ein dag kor mange sokkepar han trengte og svaret var 1 million så her er dei fire første.


torsdag 1. januar 2009

I dag

rauk pepperkakehuset .Hadde lova at når jula var slutt skulle han få knuse det. Veit ikkje heilt om han trudde på meg ,men i dag fekk han utlevert hammar og så var det berre å setje i gong.
Var litt redd for fatet men det gjekk bra !!!