onsdag 13. januar 2010

Årets første strikking.

Ikkje akurat noko å skryte av,men må ha dei med likevel.Sokkane strikka eg til yngste dottera i huset som bur på ein iskald hybel.Ho fekk dei med seg søndag kveld så dei har nok varma føtene hennar desse dagane.Heldigvis har den verste kulden gjett seg no så i kveld er det "berre"-5 her.
Som ei litt forsinka julegåve til søstra mi strikka eg eit skjerf og hanskar i gammalrosa Alpaca. Søndag føremiddag ringte ho og lurte på om eg kunne strikke ei hue og.Heldigvis hadde eg litt tråd igjen så søndag kveld lagde eg denne hua. Då eg var ferdig vog eg det som var igjen av tråd og det var berre 2 gram ,så der hadde eg flaks. Imorgon tidleg skal denne hua på tur til London og eg håpar eigaren m/reisefølgje får ein flott tur !!


5 kommentarer:

Trollkåno sa...

Tusen takk!
Hua var perfekt.....kofferten er pakka...og i morgon tidleg flyr me avgarde.....

Linda sa...

Ho er heldig som har ei slik syster:)

Linda sa...

sjå der ja, produksjonen er i gong!

du strikkar sokkar som ein helt!
og O er heldig som har fått seg så flott hue, skjerf og vottar! tenkjer ho er god og varm i London no!;)

Strikkebesta sa...

Så artig å fyrst lese bloggen til Trollkåno som skreiv at ho ønskte seg hue, og så kome innom til deg og få sjå den ferdige hua:)
Eit nydeleg sett du har strikka til systra di, tenkjer ho er bra kry når ho spradar rundt i Londongatene:)

Mormor sa...

Utrolig lekkert sett. Jeg var innom hos Trollkåno og så resten av sette for noen dager siden. For meg som er blir en stikkekløne er sånn produksjon helt uoppnåelig, men jeg skulle jammen ønske jeg hadde en søster som kunne strikke slik til meg. Når jeg ser den produksjonen din, lurer jeg på om du kanskje er født med strikkepinner i nevene, og og slang sammen en jakke eller noe, før det rakk å kle på deg. :-)