lørdag 6. februar 2010

Sokkar er kjedelege greier !!!

Oscar trengte sokkar og dei måtte vere lange for ellers dreg han dei av.Eg strikka først tre par fleirfarga og då kom eg på at eg kunne brukt einsfarga og sydd på små motiv.Så då måtte eg lage eit par til og planen var at motivet skulle vere ein bil ,men etter å ha sett gjennom det meste av det eg har av mønster uten å finne ein einaste bil så vart det ein sau.
hm skal vi sjå ,er dette noko spennande då ?

Kanskje er det godt å gnage på ?

Skal tru om det vert lyd om eg ristar på dei ?



Eller kanskje eg kan tørke meg med dei ?




Der borte ligg det jamment ein pus og søv ,den skulle eg hatt tak i.

Nei bestemor har ikkje du noko meir spennande eg kan få leike med ?


Oscar har ei lita venninde som han av til er på besøk til ,og ho trengte sokkar og,så då strikka eg to par til henne og dei vart sjølvsagt roooosa!!!


Dette paret strikka eg i full fart forrige helg.Dei er strikka i sportsragg.


Dei har eg saman med det raude paret som eg har strikka for lenge sidan ,sendt til ei som ikkje strikka sokkar til seg sjølv og som treng ei lita oppmuntring i kvardagen.











7 kommentarer:

Mormor sa...

Nydelig arbeid som vanlig, men her må jeg si den vesle mottakeren av sokkene stjal showet fullstendig. Du store min for en sjarmør :-)

Linda sa...

Alltid kjekt å få sokkar for det er så kjedeleg å strikka. Fin liten gut. Gutungane fekk nokre fine sokkar av ei eldre dame her i dalen som strikkar dei på maskin. Akkuratt passeleg tjukke. Ha ei fin helg.

Orlaug sa...

Litt kjedeleg, ja.......men babysokkar er betre for det går fort......masse fine sokkar, foresten.
God sundag i vente!

Linda sa...

hjelpe meg, ryk det av pinnane dine no?
det er ein vanvittig fart på deg;)

flotte guten då!!!

Orlaug sa...

Hei igjen!
Du har vunne...men treng IKKJE sende adresse...

Rosa sa...

haha, det er mykje ein kan bruke sokkar til, ja! Flotte sokkar, og flott gut!

Felulah sa...

Tuuusen takk for kjempefine sokkar!! Det kjem virkeleg godt med, også var det ganske smart å strikke dei så lange oppover leggen :)