torsdag 1. april 2010

Ein fin kveld.

Etter ein kraftig middag med pinnekjøt m/tilbehør hadde vi valget mellom å sige ned i kvar sin stol,biltur,eller ein tur til skogs. Heldigvis bestemte vi oss for det siste og pakka sekken og tok turen til gapahuken.Bålet vart fyrt opp med det same, litt vanskeleg å få det til å brenne når alt er vått og rått. I fjor kløyvde vi litt ved og la under tak og den var god å ha i kveld.
Med litt einekvistar brann det skikkeleg bra etter kvart.
Vinen smakte utruleg godt attmed bålet
Vi let bålet brenne godt ned før vi gjekk heim.Eg var litt bekymra for turen heim for eg ser forferdeleg dårleg når det er mørkt. Men med litt vin i"kvar fot"gjekk det heilt fint.Det var ein flott kveld !!





4 kommentarer:

Linda sa...

"litt vin i kvar fot" hehe du e god du;)

ser ut til at det var nok ein flott tur!

Rosa sa...

Det såg kosleg ut, ja! Og litt vin i kvar fot hjelper alltid på ;)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Åhh, så koselig. Her har det sprutregnet hele påska, så bål har ikke vært førtsevalget, men nå ser det lysere ut :)
Fortsatt god påske. Og husk: litt vin gjør godt for nattesynet og det :)

Orlaug sa...

Å, detta ser kjekt ut......og med bål heldt de vel varmen ein kjøleg kveld.....