søndag 20. juni 2010

Fridag.

I dag tok vi oss fri frå alt bryllaupståk og sette oss i bilen og la ut på tur.Turen gjekk over Strynefjellet og til Dønfoss der vi tok ein liten stopp. Så køyrde vi vidare til Lom der det var Lomdagane.Det første vi var på var Antikk og bruktmarked.Mykje fint å sjå på men det vi fikk med oss var litt bøker.Etterpå såg vi litt på alle dyra som var der og så gjekk vi rundt mellom alle bodene der folk selde ting dei hadde laga.
Eg kjøpte ei hylle med englar på ,men den har eg ikkje pakka ut så derfor har eg ikkje bilde av den.
Det var alt eg hadde å bidra med i dag og eg veit ikkje kortid eg kjem innom igjen for bryllaupsforberedelsane tek det meste av tida no.Kjem heilt sikkert sterkare tilbake etter den 31 juli.



2 kommentarer:

Sidsel sa...

Ser ut til at dere hadde en fin tur. Det er deilig å komme seg litt vekk iblant:-)
Ønsker deg ei finfin uke!

Rosa sa...

får no håpe du får tid til litt anna enn bryllaupsståk i tida framover òg! me gler oss veldig til å komme oppover igjen, alle mann :) og så gler eg meg til å sjå hylle med englar, for det høyrdest fantastisk ut!