lørdag 26. mars 2011

Jaudå..

..eg strikkar endå ,sjølv om det ikkje ser sånn ut på bloggen. Men desse teppa som eg helde på med tar litt tid og eg klarar ikkje å slutte med dei. Så snart eg er ferdig med eit så startar eg på eit nytt.På dette starta eg med 3 m og auka 1 m i byrjinga på kvar pinne til eg var komt halvvegs og så felte eg 1 m på kvar pinne til det var 3 m igjen.
Det er strikka i 100% ull og eg lurte på å tove det bittelitt men sidan eg har brukt to ulike garntypar så torde eg ikkje det i tilfelle dei tova ulikt.
Har eit teppe til som er ferdigstrikka men det er strikka i remser så der står monteringa igjen , men det kjem om få dagar.


3 kommentarer:

Linda sa...

som du styrer på!!!
kanskje eg må gjere ferdig det andre nepalteppet eg og? hehe

Anonym sa...

Deilig teppe!! Trenger bestandig et godt teppe. Men jeg må få bemerke gulvet det ligger på. Fantastisk flott. Heidi.

Elins Strikkeri sa...

Så flott og godt teppe du har laga!! Og sokkane i forrige innlegg er jo berre supre!!