søndag 10. april 2011

Strikking og fisk.

Har strikka to nye restegarntepper til Nepal. Det øverste er av restar av Smart,Rubin ol. Det grøne er strikka i Babyull. No har eg så lite restar igjen at det er ikkje nok til eit heilt teppe. Litt små sokkar og huer av tynt ullgarn.
Tova sokkar og huer i litt tjukkare ullgarn. Dei tova sokkane er det ikkje eg som har laga men dei får vere med på bildet likevel.
Og så nokon enkle huer. No skal alt pakkast og sendast her, så blir det pakka om sendt vidare til Nepal.
Våren er endeleg komt og sånn såg dammen ut Torsdag kveld. Det første som dukka opp når isen forsvann var ti daude fisk. Då rekna vi med at ingen av dei hadde overlevd vinteren ,men Torsdag morgon såg vi dei 4 minste fiskane som sumde rundt i vatnet.
No er det berre å vente til det blir sommar og det ser sånn ut. Det GLEDAR eg meg til !!

8 kommentarer:

Linda sa...

Død fisk er ikkje noko kjekt, godt nokon har overlevd. Her ligg det framleis over ein meter snø oppå dammen.
Flink du er som har brukt opp alt restegarnet ditt. Ha ein fin søndag.

Mormor sa...

Jammen har du vært flink til å bruke restegarn. Om mye fint har det blitt av det også. Dumt med de døde fiskene, men den hagen er helt utrolig fin

Trollkåno sa...

Ååå, so kjekt å sjå att dammen. No kan me snart gå igang med støyping......
Imponerande strikkeproduksjon, igjen...

MIRRA sa...

Hei igjen.
Så flott at du også strikker til Nepal, jeg er i gang på si jeg da. Masse flott, det setter de sikkert pris på.'For en vakker hage dere har, flott med dam, men synd med fiskene.

Rosa sa...

Du strikkar så utruleg mykje fint! Og så flink du er som lagar så mykje flott og sender ifrå deg til dei som treng det i fjerne land!

Dumt med dei døde fiskane, men kjekt at det framleis var litt liv i dammen som vert så vakker om sommaren!

God veke til deg og dine :)

Sissel sa...

Så fine ting du har laga :) Legger meg som følger jeg :)

Elins Strikkeri sa...

Så flink og snil du er som strikker til dei som virkelig treng det!! Flotte ting du har laga, ha ein fin dag!!

Linda sa...

huff synd med fiskane.. men hurra for dei 4 som overlevde!!!

og hurra for sommaren!! eller våren då.. inntil vidare;)