mandag 8. september 2008

ARV del 1

Etter at eg fann fram bildet av dei to gutane med fiskane i eit tidlegare innlegg så begynde eg å tenke på eg har noken andre ting og som eg har arva etter mor mi og som er pakka vekk i skåp og skuffer. Eg har ikkje hatt lyst å ha dei framme for dei høyrer liksom ikkje til her i huset.No har det gått noken år sidan eg fekk dei og no har eg lyst å ta dei fram og glede meg over dei .Det første eg fann fram var denne djupe tallerken .Trur det er tysk porselen .
Eg har lyst å henge den på veggen på kjøkkenet .Tenkte på å kjøpe sånn som ein limer bak på bilder med hempe i .Men er limen sterk nok ?


2 kommentarer:

Orlaug sa...

Å, det fatet er aldeles nydeleg fint.

Mormor sa...

Så koselig. Der har du vært "Flink pike" som har funnet det fram igjen.