fredag 7. november 2008

Den fine turen

...og litt sjukdom.For vi vart sjuke då vi var på tur.Om det er nederlandsk eller norsk virus veit eg ikkje men det er iallfall vanskeleg å bli kvitt .I dag er første dagen eg føler meg nokelunde bra. så no håpar eg det verste er over.Då er det mykje kjekkare å fortelje om den fine turen vi hadde.Strikkeveska var med og den vart tatt fram ofte for eg strikka 6 huer på turen.
Her er ein som var veldig glad når vi kom!!!
Tante Monica sende med pengar så Chris fekk seg ny sparkesykkel(han hadde mest lyst på vanleg sykkel men pga.plassmangel kan dei ikkje ha ein sykkel inne). Han vart no veldig fornøgd med denne og.

Kevin er ein liten luring som er med på det meste .Den eg var mest spent på var Gwen.Ho var for liten sist vi var der til å hugse oss. Men heldigvis snakkar Linda norsk med dei , så sjølv om ho ikkje snakkar norsk så forstod ho alt vi sa. Her er vi ute på leikeplassen.

Kvar tysdag og lørdag er det marked på denne plassen.Då er det fullt av boder her og masse folk. Eg hadde selvfølgeleg ikkje med kamera den dagen.


Dagen før vi reiste heim var vi på ei stor handtveksmesse i dette huset. Vis eg ikkje hugsar feil er dette ein nedlagt tobakksfabrikk . Den dagen regna det så vi tok drosje og då vi kom ut av drosja så strøymde det på med damer frå alle kantar. Damer i alle aldrar ,størrelsar og fasongar. Vi måtte stå leeeenge i kø før vi kom inn.

Her var det masse , masse stoff .

Og litt tråd.Dei strikkar visst sokkar der nede og.

Vi var ute og handla kvar dag så vi fekk no trimma litt og.Ein dag vi var i ein klebutikk kom Chris og spurte om ikkje eg ville vere med han ut for han hadde noke til meg. Eg trudde han skulle lure meg men då vi kom ut fekk eg ein liten pose og oppi der låg dette smykket. Det hadde han kjøpt til meg for sine EIGNE PENGAR !!!! Det var så fint gjort !!


Så no gledar vi oss til neste tur og håpar at den blir til våren ein gong !!!









3 kommentarer:

Mormor sa...

Fint å se at du friskner til igjen. Jeg har vært innom noen ganger for å se om det var noe nytt her. Kjempesøte unger, og for kjekk liten kavaler som kjøper smykke til mormor. Fikk nesten tårer i øyne jeg. Ha en fin helg !

Linda sa...

jihiiii endeleg!

det var kjedeleg med det flotte viruset.. Mike ekje heilt god endå heller...

Vi kosa oss kjempemasse då dåkke va her, Gwen snakkar fraleis om besten og Bestemora.. neste gong må eg få ta fine bilde so ho kan få seg fotoalbum ho kan sjå i...!!

Rosa sa...

dette høyrdest veldig kjekt ut for både store og små. Og så utruleg flott med guten som kjøpte smykke til bestemora! det tippar eg vert ein favoritt :)

Håpar de er kvitt viruset no