mandag 19. januar 2009

TRÅDSORTERING

I november i fjor så fekk eg eit tips om ei annonse i ei avis .Der sto det at ein nedlagt trådbutikk skulle selje all tråden.Eg bestemte meg fort for at dette ville eg kjøpe så eg bydde seljaren ein sum som han var fornøgd med. Dagen etter reiste vi med to stasjonsvogner + ein hengar og fylte dei heilt stappfulle med tråd.
Kassar og sekkar fulle med tråd. Det går nok ei stund før eg veit kva som er i alle kassane for her er noken tusen nøster.
Denne kom fort opp i hylla mi.Den er lilla og fin til å tove med.

Dette er bomullstråd .Eg kan nok strikke noken kjøkkenklutar av dette!

Og tråd som eg aldri har sett før.Ein del kjem eg nok aldri til å bruke sjølv så den sel eg til andre.

Desse pakkane har eg vore på posten med i dag. Dei inneheld tråd som eg ikkje kan bruke til noke men det er heldigvis andre som vil ha den .







4 kommentarer:

Orlaug sa...

Oioi, detta såg kjekt ut....
må no føle deg uendeleg rik, du...
med all den tråden.
Kos deg i ferien!

Rosa sa...

ohoi, ei verd av garnnøster! Du treng vel knappast kjøpe garn dei næraste månadane, eller korleis er det? ;)

Linda sa...

åh.. du er komen til himmelen trur eg... heldig er du!!

Cloudberry sa...

Åh, skulle gjerne ha hatt noen av de eskene...
Blir spennende å se hva du finner etterhvert ;)