søndag 21. juni 2009

Dammen i kveld

Sånn ser dammen ut ikveld. Vi har jobba med den i heile dag og no er den ferdig inni.Må vel ha litt meir plantar inni men det får vi ta etterkvart.Rundt er det mykje arbeid igjen og det er ikkje sikkert vi blir ferdige dette året for planane veks litt for kvar dag.Men no kan vi iallfall få fiskane på plass.Det var meininga vi skulle få dei for nokre veker sia ,men då var dammen berre halvferdig.
Og så er vi omsider ferdig med veden og.Det tok si tid men så har vi laga til over 11 mål.Her står ein liten del av den og tørkar seg i sola.Og jammen ser det ut til at sommaren er på veg. Det er meldt fint veir heile veka og det skal bli godt for no er vi lei den kalde nordavinden.


3 kommentarer:

Rosa sa...

11 mål??? Då kan ein jo skjøne at det tek litt tid. Me har nok med våre....2?

så lekkert det vert med dammen! Spent på kva fiskar som skal bu der :)

God veke i vente, og nyt sommardagane som kjem!

Sidsel sa...

Oj - dammen så flott ut og blir vel enda finere når plantene kommer på plass. Litt størrelse på denne da - jeg har en stamp i hagen:-), men den er hyggelig den å.
Ha ei flott uke!

Linda sa...

So fine han vart!!! tenk at du har fått deg dam då! du har jo snakka om drømmedammen so lenge EG kan huske ihverfall..

Og veden kjem vel godt med!