tirsdag 30. juni 2009

Ein kveldstur på hytta

I kveld var vi ein tur på hytta med eit skåp. Eg kjøpte det på loppemarknad for nesten to år sidan men det har berre blitt ståande her heime.I helga fann vi ut at no var det på tide å få det på plass.Første del av turen kunne vi køyre det på traktoren.
Men når det var slutt på vegen måtte det berast.Høgt og fælt var det og det vart nokre bråstopp undervegs når det tok opp i greinene på trea.Det kom fram uten store skader(berre to lister som datt av) og neste gong vi skal på hytta skal det målast.




3 kommentarer:

Orlaug sa...

Skulle vel vore målt eit motiv i dei dørane, eller???

Linda sa...

Stakkars mann som måtte bera det stora skapet.Skjønar godt at det gjekk to år før det kom på plass....Og dammen din er vorten kjempe fin. Har vore inn og sett på den fleire gongar. Kor stor er den ca. og kva pumpe og filter er det du har? Ha ein ellers fin sommar.

Linda sa...

hjelpe meg...jaggu godt pappa e so sterke som han e.. dåkke e heftige!

skåpet var fint!