onsdag 1. juli 2009

Fiskane likar seg i dammen

10 gullfisk og 5 koi vart sleppte ut i dammen sist fredag. No er 2 av gullfiskane vekke. Eine daua første dagen og den andre er berre vekke.Håpar det ikkje er ein katt som har vore på fisketur.Dei som er igjen ser ut som dei har det bra.
Det er ikkje lett å få gode bilder for dei er aldri i ro.Første dagane var dei veldig sky, men no er dei ikkje så redde.
I gårkveld sat Nina og plaska med eine handa i vatnet og då kom dei heilt bort til handa hennar.Etterpå måtte Oliver prøve og dei kom med ein gong . I helga må vi få til filter og pumpe og fortsette med det som skal vere rundt dammen. Planane er store og tida går fort så det vert nok eit prosjekt som kjem til å ta tid.




2 kommentarer:

Linda sa...

stilig! det e litt kult då.. kanskje dåkke får få nina og oliver til å trene dei slek at dei hoppar gjennom ringar og slikt...;)
hihihi

Linda sa...

Når de plaskar i vatnet og dei kjem, så gje dei mat frå handa di. Då får du dei tamme og kan klappe dei, spes koien.