tirsdag 8. september 2009

Gåve til ei lita jente.....

..som vart fødd for ca 3 veker sidan. Teppet er strikka etter nøstebarnmønsteret men eg har ikkje med holkanten rundt. I staden har eg hekla ein kant rundt i kvitt.Jakka er kinajakkemønsteret i Myk Start-boka.Eg er ikkje fornøgd med dei strikka blomstrane for dei fekk eg ikkje fine så kanskje eg tar dei av igjen.Hua er det vanlege mønsteret som eg alltid brukar og som sikkert eg meint som gutehue,men eg strikkar den til jente og.Sokkane er tubesokkar som er å finne på Drops sine gratismønster. Alt er strikka i Dale babyull .


3 kommentarer:

Linda sa...

flottflottflott!!! lita johanna som skal bli flott?;)

Trollkåno sa...

Kjempefint!!!!!

Strikkebesta sa...

Nydeleg! eg ser ikkje noko gale med blomstrane, du er nok ganske sjølvkritisk. Eg strikkar også ofte raglanfelling, eller rundfelling, også når det ikkje er det på oppskrifta, synest det er praktisk og fint, men trur det også har noko med at då slepp eg så mykje montering når strikkinga er gjort:)