onsdag 2. september 2009

Måling.

Sidan det regnar,regnar og regnar og det ikkje går å gå utfor døra så må ein finne på noko inne.Å strikke heile ettermiddagen og kvelden blir litt kjedeleg det og.Så no har eg funne meg eit opp-pussingsprosjekt.Etterkvart som dei eldste flyttar ut så rykkar dei yngste framover i køen til dei største og beste romma.No er det berre den nest yngste som bur fast heime.Den yngste flytta på hybel no i haust og har eit anna rom som ho brukar i helgane når ho er heime.Dette rommet har stått tomt ,eller rettare sagt fullt av rot sidan tidleg i vår. No ein kveld tok eg mot til meg og starta ryddinga og mannen i huset stilte opp og hjelpte meg (og han seier han vil hjelpe meg og måle og.Litt HURRA for regnet som gjer at han ikkje får gjort noko ute).Så no skal dette bli eit lyst og fint (håpar eg )gjesterom.
Når eg er på loppemarknad kjøper eg alltid kommodar vis der er.Dette er ein av dei og den skal målast og få plass på gjesterommet. Og dette er ikkje noko spongreier,det er ekte tre.

Dette nattbordet kjøpte eg på den siste loppemarknaden eg var på i haust og det skal få samme farge som kommoden.
Ein puff som eg har hatt ståande i sikkert 10 år skal trekkast om.Kjem nok til å ta litt tid dette men eg håpar å bli ferdig i løpet av helga.






6 kommentarer:

Orlaug sa...

Detta vert fint......kan eg få bu der????

Ingrid sa...

Ja berre kom du så skal du heilt sikkert få sove der.

Unknown sa...

Det blir fint!

Ingun sa...

Er noe til deg på bloggen min;-))

Rosa sa...

Dette kjem til å verte bra! Kjempefin kommode og nattbord du har funne!

Eg kan godt komme og prøvekøyre gjesterommet, eg òg ;)

Linda sa...

eg og ve bu der!!!
har gått meg hus-forbi dette innlegget..

flotte møblar!

kan du ikkje komme ned her og vere med og handle litt kommordar og slikt til meg og? vi har stooooort behov for sånnt;)