søndag 24. januar 2010

Første skitur i år.

I dag har vi pussa støvet av skia våre og vore på tur.Støvete var dei for eg trur det må vere bortimot 10 år sidan sist dei var brukte.Turen starta her på Utvikfjellet og enda på hytta. Veldig lite snø så skitrekket har ikkje starta opp endå.
Yr lova oss sol utpå dag men den såg vi ikkje noko til.I staden var det litt snø i lufta.
Her er vi komt ut på høgda og skal renne ned til hytta som ligg langt nede omtrent midt i bildet.Det var denne delen av turen eg hadde gleda meg mest til ,men det gjekk ikkje sånn som eg hadde planlagt.
Snøen var heilt ubrukeleg å renne på for den var som sukker å gå på og vi seig langt ned. Så i staden for å "suse"nedover vart det ein tung tur der vi gjekk med snø nesten opp til kne.

Endeleg nesten framme.


Oliver og gjengen kom rett etter oss. Dei hadde gått på trugar opp gjennom skogen.

Så vart det grilling av pølser,kaffi og kakao.







5 kommentarer:

Orlaug sa...

Sprekingar, de.......eg har ikkje sett min fot utom døra i dag.

Sidselsidserk sa...

Ser ut til at dere hadde en fin tur til tross for dårlig føre. Ha ei flott uke!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Dette var jammen en sprek gjeng. Storkos.

Linda sa...

Så koseleg tur de har hatt då. Eg har berre slappa av heilt til eg skulle på jobb eg. Men det er no litt godt det og. Eg var ute på tur i går ettermiddag. Så trekket på utvikfjellet er ikkje opna det, her i sogndal er det opent men det er så lite snø at det er ikkje kjekt ein gong. Ha ei fin veke.

Linda sa...

åh herlig herlig!!!
huskar då vi gjekk den turen då vi va små!!.. yngre meinar eg;)