torsdag 12. august 2010

Tilbake igjen !!!

Med eit innlegg om litt av kvart.Bryllaupet vart strålande.Trur gjestene hadde det bra for dei siste gjekk ikkje heim før halv sju søndag morgon.Då var eg nesten klar for å stå oppigjen for søndag hadde vi fellesfrukost for alle. Er ikkje heilt sikker men tippar at minst 50 personar var innom og fekk seg mat før dei reiste heim.Her er to bilder av låven pynta til fest.

Her er alle dei fem borneborna mine samla for første gong.

Sist søndag fann vi ut at vi skulle ta oss ein tur og det vart til Fjærland og bokbyen.Trur ikkje desse 4 tykte det var noko særleg spennande men ein tur på kafe hjalp litt.Dette bildet skulle liksom vise dei 4 framfor ein isbre ,men breen er så liten no at den kom ikkje med.



Mandag morgon reiste vi til Oslo og avleverte desse på Gardermoen for då måtte dei tilbake til Nederland. Skulle so gjerne hatt dei her mykje lenger. Heldigvis var dei her vel ei veke etter bryllaupet så vi fekk oss blant anna ei overnatting på hytta.
Skulle hatt med mange fleire bilder, men det var dette eg fekk tid til .No må eg tilbake til pakkinga for i morgon tidleg skal vi ut på ein laaaanng biltur igjen .Har sett kamera på lading så kanskje kjem det eit innlegg når vi kjem heim igjen forhåpentlegvis seint lørdag kveld.






5 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så koselig at du er tilbake. Hørte fra sikre kilder at det var koselig i bryllupet :) Så stas da med besøk helt fra Nederland!

Rosa sa...

Ein flott gjeng du har, og det var så fantastisk kjekt at alle fekk vere med! Knallflott festlokale, kjempekjekk feiring og ein minneveerdig frokost dagen derpå. Vel blåst!

Sidselsidserk sa...

Velkommen tilbake! Og vel overstått bryllup må vel sies:-)
Koselig når alle samles.

Orlaug sa...

Takk for sist...eit flott bryllup!
Og ein flott gjeng med barnebarn........kjekt du er tilbake på bloggen.

Mormor sa...

Koselig å se deg tilbake på nettet. Men det virker absolutt som du har fått tida til å gå i sommer. Virkelig et imponerende festlokalet. Jeg har en misstanke om at du har hatt ganske mange fingre med i pyntinga. Slapp av og kos deg i helga.