søndag 3. oktober 2010

Prematurstrikk.

For 2 år sidan kom eg over ein blogg til ei dame som strikka huer og sokkar som ho gav til ei sjukehusavdeling for fortidlegfødde. Dette såg så kjekt ut at eg måtte berre prøve. Så eg strikka dette ,men så hadde eg ikkje nokon adresse å sende det til og visste heller ikkje kva for sjukehus som kunne ta imot sånt. Så det vart berre liggande heilt til for to veker sidan då kom eg over denne bloggen og dama som har den tar imot og leverer det på eit sjukehus som kan bruke det.
Eg tykte eg hadde litt lite å sende så eg fann fram babyullrestane mine og strikka litt til.
3 små tepper vart det og.

Og det er knøttsmå ting det er snakk om.Her ligg ei hue og eit par sokkar attmed ei vanleg fyrstikkøsje.Ei hue veg ca 10 gr så den minste rest kan brukast.

Pakka og klart til å sendast.Kjem heilt sikkert til å strikke meir sånt innimellom for det er så godt å få vekk litt restar.






2 kommentarer:

Sidselsidserk sa...

Så mye flott småstrikk du har laget - dette er sikkert kjærkomne plagg. Jeg har en kollega som fikk et prematurbarn og hun hadde med de første plaggene til sin sønn på jobb en dag- Det er utrolig - mindre enn dukkeklær og så blir det faktisk voksne gutter og jenter:-)
Livet er av og til underlig....... Ønsker deg ei fin uke

Unknown sa...

Kjempe bra tiltak!
Sonen min vart fødd ein månad før tida, og låg på ei prematuravdeling i to veker. Då vi va der kom det inn ei ladning med strikka huer, lestar ++... Og dei aller minste fekk på seg nye varme strikkakle.
Ynskjer deg ei god veke:)