mandag 15. november 2010

Blånissevottar

Oliver ville ha blånissevottar og sånne ønskjer må ein berre seie ja til.
Har strikka dei i Nissegarn kjøpt på Europris.Brukte pinnar nr. 5 så dei var ferdige på eit par timar. Før toving.
Tovinga gjekk fort,men eg var nok uheldig for det var visst litt lo i vaskemaskina så vottane har litt kvita prikkar. Strikka i str. 6-9 år og med mønster frå eit hefte som heiter Månetoppen.


2 kommentarer:

Linda sa...

Du er jo raskare enn vinden du! Tenkjer Oliver er varm og god på hendene i vinter;)

Stubbetufsa sa...

Vottene ble fine. Er det ikke bare å plukke vekk de små hvite?
Du lager mye fint av barneklær!