I kveld etter at det var blitt mørkt tok vi på oss godt med kle, fyrte opp i ein gammal grill med ved og grilla pølser,drakk kakao og gløgg. Alle dei 5 borneborna var med. Trur dei tre nederlandske borneborna tykte det var litt rart å grille ute i snøen og mørkna. Etter maten var det fram med kjelkar og akebrett. Trur det er noken små som kjem til å sove godt i natt.
Eg er fødd i 1957, gift og mor til 5 jenter.Har 5 flotte borneborn.Bur på ein gard som vi ikkje driv lenger,men har noken høner og 4 kattar.Min store hobby er strikking
2 kommentarer:
Ser no rett koseleg ut, detta........ha ein fin sundag!
Så fantastisk kjekt, både for deko og dei fem - kanskje ekstra for dei 3 frå Nederland. Dette vert gode minner å ta fram att!
Legg inn en kommentar