søndag 30. januar 2011

Lite å vise fram.

Det går ikkje så veldig fort framover med strikkinga for tida. Men sånn er det vel når ein strikkar tepper på pinnar nr.2.5.


Men no er iallfall dette heilt ferdig. Det er strikka i babyull og er ca 90/90 cm.





Dette håpar eg at eg skal få ferdig i dag .Manglar berre 9 ruter.


Når eg ikkje har så mykje sjølvstrikka så får eg vise fram noko som andre har strikka.
Ein dag kom det ein pakke i posten og inni var dette (+to andre huer som eigarane har fått før eg tok bilde). Det er eine dottera mi som har strikka dette til meg.



Når Spar Kjøp har 20% avslag på garn i januar brukar eg å hamstre litt.

Tykte eg var ganske flink denne gongen og kjøpte berre to posar og dette er berre til planlagde ting.

Så får vi sjå om tida strekke til for planane er mange !!







5 kommentarer:

Linda sa...

Flink du som strikker desse teppene til trengande babyar. Har prøvd meg på dominostrikk eg og no for fyrste gong, men eg held meg til ein farge. Då slepp eg å feste så mange trådar.

Romantikk-takk. sa...

Hei.
Litt av en tålmodighetstest å strikke lapper på så tynne pinner da. Flotte strikkerier du viser.
Tenkte å bestille Siljagarn fra sparkj. jeg også. Hvordan er det å strikke av?
Ha en fin dag.
Klem.

Sidselsidserk sa...

Synes du er flink jeg:-) Ble fristet av salget til Sparkjøp jeg også:0 og fikk med meg både Silja garn og Cortina. Silja har jeg aldri strikket av, men det kjennes iallefall bra ut. Så vil framtiden vise hva som kommer ut av det.

Trollkåno sa...

Eg synest no jammen du har mykje å vise fram....og so strikke teppe med pinnar nr 2,5.....herlighet!

Linda sa...

eg er innom! hipphipp!;) sjekke om det er liv i dåkke der oppe i kulden;)

til dei som lurer; Silja er eit veldig godt garn! flott å strikke i og held seg fint!! eg har maaange mamma-strikka-ullsokkar i siljagarn og dei er go dei!!