Har strikka ein gensar til Oliver som hadde bursdag i januar.
La den på golvet for å ta bilde og katten kom og la seg på den. Trur den vart godkjent for det var berre godlydar å høyre.

Gensaren er strikka i Smart og mønsteret er i eit Sandnesgarn-hefte som heiter Til fjells.
Strikka den i str.8 år og den er nok litt for stor for 7-åringen.

Eit Nepalteppe er og heilt ferdig.
No har eg 5 tepper som er ferdige og kassen er full og skal sendast.

Seks små huer strikka i Babyull skal sendast i lag med teppa.

Planane framover er klare. Skulle berre ønskje at døgnet hadde fleire timar for det er så mykje eg har lyst å strikke.
2 kommentarer:
For ein nydeleg gensar! Kjempefine fargar, og flott mønster!
Flott genser. Ingen tvil om at katten også liker den. Bøyer meg i støvet for alle de flotte teppene du har strikket. God helg !
Legg inn en kommentar