søndag 17. august 2008

Målinga er ferdig

No når eg er ferdig med målinga er det på tide å vise fram
resultatet. Men først måtte eg lage nye stoltrekk .Var på stoffbutikken (liten butikk ca 10 kv.)men fann ikkje noke eg hadde lyst på. Nokre dagar seinare var eg innom ein bruktbutikk og der fann eg noken kjøkkengardin som eg tenkte kunne passe. Så då var det berre å ta fram den velbrukte symaskina mi .


Stiftemaskina måtte gjere sin jobb.

Her er benken ferdig.

Og her er resten ferdig og.Benken i kvitt og stolane i rødt .Var litt redd for at det skulle sjå rart ut med ulike fargar, men trur ikkje det vart så gale .


Av restane sydde eg ein duk til bordet. Synd det er slutt på sommaren for dette vart skikkelege sommarmøblar. Eg er fornøgd med resultatet og billeg vart det og for eg betalte berre 15 kr for gardina.
Når vi kjøpte dessse møblane på loppemarked for 3-4 år sia var det to stolar som vi ikkje tok med for dei var litt ødelagt .Etterpå har vi angra mange gongar på at vi ikkje tok med dei og , for det hadde heilt sikkert vore råd og ordna dei .Så i går når vi var på loppemarked så dukka utruleg nok desse to stolane oppigjen. Då var vi raske å slå kloa i dei og når vi fortalde mannen som sto og selde at vi hadde resten heime så sa han at vi kunne få dei . Så då fekk vi dei heilt gratis og no står dei og ventar på å få noken skruer her og der ,litt lim og så må målingsspannet framigjen .Det eg lurer på no er kor eg skal finne fleire sånne kjøkkengardin .







4 kommentarer:

Linda sa...

eg har ein GLIMRANDE ide...
du kan komme her so skal eg ta deg med på marked to kan du kjøpe stoff her! finne siiiikkkkert nåke som ligna veit du, hehe

flott vart det når du fekk trekkt det om! står sikkert fint i sommarhagen dei dar..

ps: loppemarked i går? sandanedagane?

Ingrid sa...

ja. det loppemarkedet vert større for kvart år . vi kjøpte mykje.vi bestille bilettar når vi veit kortid chris har fri på skulen

Trollkåno sa...

Åååå, so fint det vart i sommarhagen no. Utruleg kor det gjer seg med litt maling osv..
godt de har mykje ved, for her må det vel fyrast til langt på hausten..

Linda sa...

eg kan sjaa om eg finne ut korti han har fri.. det MAA no staa ein plass..

dataen min fekk sammenbrudd i helga.. "like greitt"so fekk eg gjordt ferdig naaken prosjekt... hihi