tirsdag 26. august 2008

Sist helg vart det hyttetur igjen. Det vert nok mange helgar der utover hausten.Denne helga gjorde vi nesten ingenting .Vi skulle måla to veggar på hytta men det vart det ikkje noke av.

Bittelitt ved hogg vi no.Det hender vi får litt arbeidslyst når vi er der og då går det utover skogen som det er altfor mykje av.


Når kvelden kom tok vi fram 3-literen .Denne gongen prøvde vi Arne Brimis hytte ,grill og turvin.Den var bra ,men alt smakar vel godt på fjellet.

Solnedgongen var sånn.Den nytte vi frå verandaen.


Mange sauer var komt ned frå høgfjellet .Dei er vel begynt å meke at det er haust dei og.

Både lørdag og søndag såg vi på reinsdyrsjakt.Vi sat på verandaen og såg både reinsflokken og jegerane. Det var ein flokk på 60-70 dyr .Nokre av bukkane hadde noken kjempestore gevir.Eg hadde kamera med i håp om å få bilde av ein storbukk , men dei kom ikkje nær nok. Vi var ute og gjekk ein liten tur og då møtte vi noken jegera som hadde vore heldige .



Ein liten blåbærtur vart det og.Det er nok snart for seint å plukke blåbær no for det var eindel som var rote.Men litt vart det så det skal bli litt sylte. Den har eg tenkt å gje til ei som likar godt pannekaker med blåbærsylte .

Gjode ferdig eit lite hekleprosjekt og . Eg skal hekle tepper til dei tre stolane vi har på hytta, og no er første ferdig . Brukar kun restar så det blir alle mulege fargar .No er det berre å glede seg til fredag for då går turen til fjells igjen .










1 kommentar:

Linda sa...

åh... nopk ein gong blir eg heilt varm langt inn i hjerterota av flotte fjelltur-bilda dine!!

Vi SKA til norge neste sommar, om vi so må knyte på oss ongane og GÅ..... då lyte vi på hytta!!!