onsdag 31. desember 2008

Hyttetur

Ettersom mannen no i romjula har dreve og hogge ved like nedafor hytta så fann eg mandagskvelden ut at tysdag etter jobb så ville eg gå opp der og så kunne vi overnatte ei natt.Avtalen var at han skulle fyre i ovnen med same han kom opp for det tar ganske lang tid å få det varmt nok no om vinteren.Med same eg kom heim så tok eg på fjellskoa og fann fram trugene.Her har eg gått eit lite stykke og er komt opp i snøen.
Eg gjekk i traktorspora og det var forferdeleg tungt å gå der for det var så laust .Eg angra på forslaget mitt mange gongar på veien opp .Etter fleire månader i godstolen er formen elendig og med snø som er som sukker å gå i så vart føtne fort stive som stokkar.Siste del av turen brukte eg trugar og då vart det litt lettare.
Men eg kom no fram til slutt og då brann det godt i ovnen og det var 10 grader inne.

Maten var enkel for ha minst muleg oppvask.


Etterpå var det vintid og masse stearinlys.

I ovnen brann det lystig med god bjørkeved. Ikkje verdens finaste bilde med vassbytta , skoa og diverse.
Bilder tatt ute .



Tufsetrolla står i glaset og tittar ut.



Heldigvis vart turen nedigjen lettare enn den opp.Så no er vi klar for nyttårsfeiring med pinnekjøt ,poteter,kålrotstappe, og lefser ( og litt stive føter)









3 kommentarer:

Trollkåno sa...

Såg no jammen koseleg ut på hytta...."ser" både varmt og godt ut, der...
Eit retteleg godt nytt år til deg og dine!

Rosa sa...

åh, det var stemningsfulle bilder. men 10 grader? Det er omtrent som i rosaheimen når det er meir enn 18 timar sidan sist me fyrte ;) Då er det godt å ha ei trollkåne nær, som kan stille som fyringsvakt før me vender heim :)

Ynskjer deg og dine ei nydeleg nyttårsfeiring og eit godt år i vente med alle dei gode ting de har å sjå fram til!

Linda sa...

Flotte bilder mamma!!!
Nydelige hytta...

men du... ang formen etter godstolen.. tenk deg formen etter ein 3-4 år i et paddeflatt land... eg ekje sikker på om eg hadde komt meg opp til naboen ein gong..