tirsdag 16. desember 2008

Må ha til jul

Ein ting eg berre må ha til jul er salta lammelår. Vanlegvis så er eg altfor sein med å kjøpe det inn så det får ikkje ligge lenge nok i salt , men i år var eg tidleg ute og i dag var det på tide å få det i saltet.

Det skal vere 1 kg salt til 5 l vatn . Så skal det ligge 6 dagar i saltvatn .Etterpå skal det vatnast ut i minst 12 timar, pakkast i folie og ligge 1 døgn før det blir steikt i ovnen på 125 grader .Det skal stå i ovnen i ca 3 timar men det tykkjer eg er for lite så eg steiker det litt meir. I lag med heimelaga rødbetsalat er dette kjempegodt pålegg . Låret vert alltid steikt veslejulafta om kvelden og når den lukta fyller huset og blandar seg med lukta av juletre då er det jul på Skinlotoppen.



2 kommentarer:

Trollkåno sa...

Detta er nok godt, ja.....har ikkje den tradisjoen, me...og om eg skulle finne på å prøve, vert eg vel for sein i år.

Trollkåno sa...

TRADISJONEN, meinar eg.