søndag 7. desember 2008
Sauehauefest og kyrkjebesøk
Lørdag kveld var vi på sauehauefest. Vi reiste lørdag morgon og brukte noken timar på julehandel og fekk handla det meste av julepresangane. Etter handlinga reiste vi til eine bror min der vi skulle overnatte.På trappa var nissehuset på plass med nissar og lys.
Utpå kvelden reiste vi til ein anna bror der festen var. Der var også ein tredje bror så då var vi 8 stk. Kan vere einig i at dette ser litt makabert ut men det smakar utruleg godt.
Og saman med alt tilbehøret vart det eit "herremåltid".
Godt drikke av fleire slag.

Katten i huset var med og låg på teppet og kosa seg.
I dag stod vi litt tidleg opp og køyrde heim for vi skulle i kyrkja .Jølstravatnet låg der så blankt og stilt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
da ser litt groteskt ut ja.. trur ikkje eg hadde klart å få det i meg..
Men kjempekos at dåkke hadde ein fin tur! det er det som er det viktigaste!
Legg inn en kommentar