søndag 7. desember 2008

Sauehauefest og kyrkjebesøk

Lørdag kveld var vi på sauehauefest. Vi reiste lørdag morgon og brukte noken timar på julehandel og fekk handla det meste av julepresangane. Etter handlinga reiste vi til eine bror min der vi skulle overnatte.På trappa var nissehuset på plass med nissar og lys.
Utpå kvelden reiste vi til ein anna bror der festen var. Der var også ein tredje bror så då var vi 8 stk. Kan vere einig i at dette ser litt makabert ut men det smakar utruleg godt.
Og saman med alt tilbehøret vart det eit "herremåltid".

Godt drikke av fleire slag.






Katten i huset var med og låg på teppet og kosa seg.


I dag stod vi litt tidleg opp og køyrde heim for vi skulle i kyrkja .Jølstravatnet låg der så blankt og stilt.



Vi nådde akkurat kyrkja . Der sat det ein litt spent 4-åring (i lag med 28 andre 4-åringar) og venta på å få utdelt 4-årsboka. Det vart nok litt kjedeleg å vente heilt til slutten av gudsteneste før dei skulle fram.

Men endeleg begynde presten å lese opp namna og ein etter ein gjekk dei fram .Og det var ein stolt gut som kom tilbake med boka si.











1 kommentar:

Linda sa...

da ser litt groteskt ut ja.. trur ikkje eg hadde klart å få det i meg..

Men kjempekos at dåkke hadde ein fin tur! det er det som er det viktigaste!