fredag 10. april 2009

Hagedamprosjektet....

..går mykje fortare enn eg hadde trudd. Har i mange år hatt lyst på hagedam og no er vi i gong.Denne bekken laga vi då vi bygde huset for 26 år sia men vi har aldri brukt vatnet i den for då den var ny kom det silosaft frå naboen i den.Etter det har den berre stått der til ingen nytte.
Planen er at denne skal vekk og under den er det to ringar til.Så skal det støypast eit finurleg lok som gjer at ingen kan dette nedi men med opning sånn at fisken kan gå nedi . Då kan fisken vere i dammen om vinteren og.
Så langt kom vi i dag.Vi må bygge opp nederste kanten litt for plenen er ikkje heilt flat.Og så må vi grave den fremste delen litt djupare.

Den ser ikkje så stor ut så vi får sjå om vi utvidar den litt i mårå.






4 kommentarer:

Villmarkstausa sa...

Hei

Gleder meg til å se det ferdige resultatet. Dammen blir sikkert fin....ha en fin påskekveld!

Trollkåno sa...

Oiii, her vert det dam, ja.....var det den "ferskaste" svigersonen som er so energisk, sa du?????
eller er det bonden du har "lurt" te????? eller rett og slett du sjølv som har sett i gang???

linda sa...

Heisann så bra, no er du i gang komen Detta vert ein fin dam, så bra at du lagar den så djup at fiskane kan vere der heile året. Det kan ikkje mine. Lag dammen stor nok no med ein gong, du angrar viss den vert forliten. Eg kunne tenkt at min dam hadde vore større. Kunne tekt meg å vore på besøk og sett resultatet til sommaren... er du forresten mor til linda i nederland?

Linda sa...

Jamment bra du endelig får deg dam!!! blir nok flott;)