søndag 26. april 2009

Loppemarked

I går når vi køyrde til Bergen så køyrde vi forbi eit skilt der det stod at det var loppemarked på ein skule der. På ein busshaldeplass like ved stod det mange folk som hadde vore der for alle hadde bæreposar og alle posane var ulike(tok det som eit teikn på loppemarked).Men vi HADDE IKKJE TID TIL Å STOPPE.Tenk om vi kom for seint til flyet pga eit loppemarked !!! Men så i dag då vi skulle ut og handle mat så kom rett opp i eit .Ikkje sånn som vi er vant til heime for her stod folk og selde sine ting. Vi gjekk no rundt og såg litt og då "snappa" Linda opp at ikkje so langt vekke så var det eit som var større.

Dette var mykje større og her var alt frå fint porselen til rusta skruer.




Denne lampa kunne eg gjerne teke med heim for ca 300 kr(om kofferten var stor nok).

Det eg enda opp med var denne skåla

og ein lysestake med englar. Eg såg på nokre andre ting og men kan ikkje fylle opp kofferten første dagen.




3 kommentarer:

Sidsel sa...

Den skåla var fin!! Du var heldig der;-)
Ønsker deg ei finfin uke

Trollkåno sa...

So kjekt at du fekk med deg lopppemarked fyrste dagen i Nederland.
Flotte kjøp!!!!!
Ha ei fin veke alle ihop!

Rosa sa...

Det der var jo Biri-iske tilstandar, med mange selgarar og mangt å mykje å få kjøpt. Morro!!