onsdag 22. april 2009

Tenk om....

...det hadde gått an å strikke uten å måtte feste alle desse hersens trådane. Då hadde desse 8 par sokkar vore vaska og klare til bruk.I staden ligg dei her heilt ubrukelege !!!
Ikveld skulle eg egentleg skrive om alle løkane og alle dei fine ,store uteblomsterpottene som eg skulle kjøpe på Europris i dag.Hadde store planer om alt eg skulle handle men vart sørgeleg skuffa. Europris hadde berre noko plastskrammel som iallfall eg ikkje vil ha for her på Skinlotoppen må vi ha noko som toler både sol og vind.

5 kommentarer:

Linda sa...

Eg stemmer i med at alle trådar burde FESTE SEG SJØLV!!! tenk so myje TID og STRESS vi hadde spart oss!!!

Rosa sa...

hihi, eg er nok litt rar, for eg syns ikkje det er so gale med desse lause trådane, eg?

God tur til det store utland!

Sidselsidserk sa...

He he så bra at du hadde disse sokkene da for da hadde du jo noe å gjøre....-) Litt av en sokkeproduksjon forresten!

Tussilago sa...

Huff ja...festing av tråder er noe herk!! Jeg er flinkest til å utsette det..og har en snill mamma som tar nåla fatt når hun kommer på besøk;) Men..de gangene jeg tar meg sjøl i nakken, og har en tråd-feste-dugnad, da føles det veldig godt etterpå!
Nå har jeg masse tråder som må festet på et oldemors-rutet hekle teppe....gruer meg!
Ditt lappeteppe var flott!!! Kjenner jeg ble inspirert til å strikke slike lapper...dominostrikk??
Så deilig med hagedam!!! Vi laget en sist sommer...med en liten sildrebekk også..og dette har blitt et kjempetrivelig sted i hagen..fantastisk å være i nærheten av vannet....selv om vi bor like ved en fjord og nesten kan dyppe tærne i fjæra fra enden av hagen.
Her i nord er det ikke fritt for snø enda..me det regner og regner..så vi håper at det blir varmere og mer vårfølelse snart!

Tussilago

Strikkebesta sa...

Vi har same problemet du og eg, har liggande fire par med stripete tjukkelestar som ikkje kan takast i bruk fordi ingen har festa endane på dei. Når eg begynner på ein ny farge er det greitt, då strikkar eg enden inn i dei første maskane, men når eg avsluttar fargen blir det ein ende som heng der og ventar på stoppenåla. Eg bruker å seie at eg er ikkje noko særleg til fest(e)menneske.