søndag 10. mai 2009

Teppet er ferdig.

Hadde aldri trudd at eg skulle ha nok tolmod til å strikke noko så stort.Men med tida til hjelp så vart det ferdig.
Men ikkje heilt uten problem.Ferdig vaska såg eg at den hekla kanten rundt var for "vid" på begge endane.Enten måtte eg rekke oppigjen eller irritere meg kvar gong eg skulle bruke teppet.Eg fann fort ut at eg måtte rekke oppigjen.Eg hadde lite lyst å rekke oppigjen kanten rundt heile så eg begynde på eine enden og klipte opp i begge hjørna og rekte opp den sida. Så hekla eg omigjen den sida og klarte og skøyte det ihop uten at det viser.Så gjorde eg det same på andre enden.Litt ekstra arbeid men no angrar eg ikkje på at eg gjorde det for teppet vart mykje finare.

Det andre var hundrevis av trådar som skulle festast.Det såg eg litt "svart" på men så tenkte eg at det går vel an a jukse litt. Så masse av trådane har eg berre knytt (håpar knutane helde og ikkje går oppigjen).For eg har tenkt at eg skal ha fleece på baksida.Men eg å kjøpe meir for stoffet er ca 12 cm for smalt så eg må skøyte det på måte.Hadde eg hatt ei rute mindre på breidda så hadde det passa heilt med stoffet. Dårleg planlegging med andre ord.


Sånn vart det.206 cm langt og 167 cm breitt. Det veg litt over 2 kg og har 156 ruter og det er brukt berre restar.Og eg er veldig fornøgd med det.Det skal bli hytteteppe og derfor vil eg ha fleece på baksida så det det blir skikkeleg tjukt og varmt å ha på seg når vi site ute.








5 kommentarer:

Trollkåno sa...

Gratulera med ferdig teppe!!!
So flott og fargerikt...detta vert noko å slenge rundt seg i kjølege kveldar til fjells!!

Sidsel sa...

Jøss - det var et imponerende stykke arbeid!!

Linda sa...

Kjempeflott!!! det er jo gigantisk!!! og her sit eg og puslar med det pittesmå med 12 lappar *skamme seg*

Flottaste hytte-teppet nokongong!!!

Hege sa...

Det ble kjempeflott!

Strikkebesta sa...

Verkeleg eit flott teppe, jammen må eg seie at du har hatt ein del restegarn! Måten du har strikka lappane på gir ein veldig fin effekt. Gratulerer med resultatet.