lørdag 16. mai 2009

Travle dagar !!!!

Ja den siste veka har vore skikkeleg travel . Vi vart lovt at duken til dammen skulle sendast på onsdag så då rekna vi med at vi skulle få den til helga.Derfor har vi brukt all ledig tid på veden heile veka for å kunne bruke helga på dammen. Men søren og, no viser det seg at duken vert sendt først i dag. Fy så skuffa eg vart !! Så no har eg bestemt meg for at i dag skal eg IKKJE kløyve ved, eg skal ta og lage til eit blomsterbed i staden.
Her er nok arbeid mange ettermiddagar framover.
Har strikka litt om kveldane når eg kjem innigjen,men då er eg så trøtt at det må vere noko enkelt så då vert det kjøkkenklutar. Datamaskina har ikkje vore på sidan onsdag,men i dag måtte eg berre vise at det er liv i meg .No skal eg ut i sola (og vinden) !!




2 kommentarer:

Sidselsidserk sa...

Ja her er det nok å gjøre ser jeg! Du får ta en pust i bakken og nyte dagen i morgen og vips så har du plutselig duken til dammen hos deg;-)
Ha en finfin 17. mai!!

Linda sa...

Ja der er det litt av eit arbeid. Eg har ein gutunge som driv på ute med ein lite vedkløyver, men det er ikkje i so stor skala som de driv i. Eg gledar meg til å sjå dammen ferdig. Og ja eg skjønar godt at du vert litt sur når ikkje ting kjem når ein har tenkt. Ha ein fin dag.