onsdag 16. september 2009

Fiskane veks.

Fiskane har vokse mykje no i haust.No når temperaturen går ned mot 10 grader så er dei nesten slutta å ete.Dei står ofte heilt i ro lenge eller dei bevegar seg seint rundt.Det blir spennande å sjå til våren om dei overlever vinteren i dammen.Og no håpar eg at veiret kan snu snart.Den små dammen står der halvferdig og sånn vert det til det sluttar å regne.Har prøvd å støype i regnveir men då må eg dekke alt til med plast. Så no sit eg her og ventar på regnet skal gje seg og helst meir enn ein halv time i gongen.

4 kommentarer:

Orlaug sa...

Er meldt opphaldsvèr torsdag/fredag/laurdag (her iallfall)...då kan du støype.

Linda sa...

åh det e so stilig!!! eg ve heim å sjå på fiskar!!!

Linda sa...

Fiskane dine har vakse ja. Mine og. Men no er det ikkje lenge før eg skal flytta dei inn i garasjen. Dei skal gå i eit akvarie der i vinter. Hadde og eigentleg tekt å utvida dammen i haust, men eg veit ikkje heilt om eg har rygg til da. Hadde me fått lånt ei gravemaskin hadde det vore fort gjort. Men det er no og så mykje anna som trenge gjerast, så tid har me vel heller ikkje. Da hastar no ikkje heller....så me får sjå. Ha ellers ein fin kveld.

Felulah sa...

De styra på, men det er sikkert kjekt med litt hagedyr!