torsdag 10. september 2009

Gensar til Kevin

Den strikka eg i vår men har ikkje sydd i knappar før no.Mønsteret er frå Nøetebarnboka og heiter rullegensar.No skal den sendast til Kevin i Nederland og eg håpar den ikkje er for liten.

Ei hue og eit par sokkar til Oscar har eg og laga.


Eentleg skule eg hatt nye strikkebilder her kvar dag denne veka for det er stort sett det eg har dreve med dei 4 siste dagane.Idesse svineinfluensatider er det fort gjort å få seg ei veke heime.Grunnen til at eg ikkje har fått til så mykje er desse lyseblå greiene under her. Ei lita jakke som eg snart har strikka to gonger. Den er straks ferdig så vis tålmodet mitt varer berre bittelitt lenger så kjem det ferdigbilde i mårå.









3 kommentarer:

Felulah sa...

Det var bra du skreiv at det var til Kevin i Nederland, eg synest kanskje at den kunne bli litt vel inntilsittande til LenaKevin :)

Linda sa...

haha.. nja, kevin til lena hadde blitt lekker i den!

MIN kevin gler seg til å få rullegensar! hurra!! han er ikkje so stor endå, so den passar sikkert (sjølv om han har vekse ein del i sommar sidan han ikkje har vore sjuke! hurra! )

Strikkebesta sa...

Å, mykje fint i blått hos deg:) Rullegenseren vart flott, eg har ein tendens til å gjere som deg: Strikke eit plagg ferdig, men utsette festing av trådar og isying av knappar:) Har ei ferdig jakke til Marylin som eg skulle sy kattepusknappar i i går kveld, men kattane såg blinde ut når eg fylte "augene" med tråd, så slik kan eg ikkje sende jakka frå meg! Får sjå om eg finn på noko lurt når eg kjem heim frå jobb i dag. Ha ei finfin helg!