søndag 27. september 2009

Lopper.

Vi var på loppemarknad både i går og i dag ,og litt vart det kjøpt. Trykk-kokar ,har ein heilt lik frå før men der er pakningen ødelagt så den har ikkje vore brukt på mange år.Mannen i huset kjøpte brødmaskin (kanskje eit lite hint?).Hadde ei liknande for nokon år sidan og den brukte vi mykje.Den vert nok ikkje brukt dagleg men av og til er det godt med nysteikt loff.Ei lita glasskål som eg sikkert ikkje har bruk for ,men eg tykte den var så fin. To messinglysestakar som eg skal prøve å spraymåle.Har sett så mange som gjer det så no skal eg prøve det .Og til slutt eit bilde som viser at bakom skyene er himmelen BLÅ sjølv om eg var begynt å lure på om det verkeleg er sånn lenger.

2 kommentarer:

Orlaug sa...

Ååååå, misunneleg!!!!!

Strikkebesta sa...

Bra fangst på loppemarknaden. Ein trykkokar har eg så lyst på, trur maten blir sunnar når han blir kokt i ein slik.