onsdag 23. september 2009

Trådkaos.

Ja eg har hatt eit aldri så lite trådkaos etter at eg for ca 1 år sidan kjøpte ein nedlagt trådbutikk . Ca 4200 buntar med tråd var det i desse kassane og eg hadde ikkje peiling på kva tråd som var her.Det seier seg sjølv at så mykje kunne eg aldri bruke sjølv og mykje såg eg på som ubrukeleg for meg. Men eg hadde ein plan og det var å sortere ut det eg ville ha sjølv og selje resten på QXL. Det har eg no gjort og har klart å selje så mykje at eg har tent inn igjen det eg betalte for heile greia,så no sit igjen med masse gratis tråd.
Eg har masse,masse bomullstråd i mange fargar .
Litt av alt .Bomull,ull,lin-bomull. Kan sikkert strikke sokkar til ein heil hær (om eg hadde tid).

Men det er og ein bakdel med å så mykje tråd:begynde på alt muleg,har lyst å strikke alt muleg og så har ein plutseleg altfor mange ting på gong og blir ikkje ferdig med noko.Men ute regnar det (som vanleg )så då er det berre å holde seg inne og sjå på all den fine tråden og STRIKKE !!





5 kommentarer:

Linda sa...

håhåhå eg kan komme å hjelpe deg altso!!!

Åjada, ikkje nåke problem!;)

Ingun sa...

Jeg kan kommna også;-))

Strikkebesta sa...

Du er bra herleg tullete som kunne finne på noko så sprøtt! Men ingen skal seie at du har lege på latsida når du har fått sortert og selt unna så mykje! Eg kjenner på meg at eg hadde nok likt å ha så mykje fin tråd rundt meg eg også, men ei slik muligheit som du fekk kan nok ikkje andre forvente, så vi får berre kose oss over alt det fine du lagar og viser oss på bloggen din: God strikkehaust til deg:)

Rosa sa...

Så bra at du har fått selt unna eindel, då... Det er nok både godt og nødvendig ;) Og det ser jo ikkje ut som du kjem til å mangle tråd med det fyrste uansett... Når det er sagt, så er vel du (og Linda) den einaste eg veit om som kan komme til å få brukt så mykje tråd. Eg er dønn imponert over produksjonen!

Alettesiriane sa...

Du skal kose deg det er det som er.Ikkje tenk på alt som du har,bare kos deg med det!