lørdag 31. oktober 2009

Eit tidkrevjande arbeid....

Vi har føre oss litt av eit arbeid denne vinteren. Vi skal pusse opp 150 slike stolar.Eit strøk heftgrunn på treverket og eit med anti-rust på røra og så eit strøk måling på heile stolen.Før og etter bilder.Fargen er ikkje så lys som det viser her.
Trur det skal bli veldig bra ,men det blir mykje arbeid så det er bra vi er mange som kan hjelpe til.Grunnen til opp-pussinga er at til sommaren skal vi feire bryllaup her på garden og då må vi ha skikkelege stolar.Bord manglar vi endå ,men kanskje ordnar det seg og i løpet av vinteren.



Stolane stod på eit nedlagt evangeliesenter og vi fekk dei mot at vi henta dei.Når eg ser alle på ein gong er det nesten som eg lurer på om vi kjem til å bli pittelitt leie før vi er ferdige.
Med på lasset var og ein kjøpmannsbenk,ein stor kommode,litt storkjøkkeninnreiing og diverse småting.




5 kommentarer:

Linda sa...

Lykketil med arbeidet!!!!!!!!! Eg kan vel ikkje sei noko anna?

Orlaug sa...

Fytti grisen for ein jobb............lukke te!!!

Linda sa...

tenk om eg hadde fått komme å hjelpe til då.... det hadde vore kjekkt!!!

*spare til i sommar*

Strikkebesta sa...

Jaja, de ser ikkje svart på å jobbe, forstår eg. Eg trur eg hadde skaffa meg målingssprøyte og sprøtelakkert stolane, for slik ein storjobb er eg rett og slett for lat til:)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Å kjære vene, for en jobb! Skal dere ha 150 til bords hjemme, så blir ikke det noen liten jobb heller. Stort pågangsmot. Lykke til.(Jeg skal prøve å ønske fint vær til dere når den tid kommer :)