lørdag 24. oktober 2009

Fuglar og mugge.

Sjå kva eg fekk då Nina(yngste dotter i huset)kom heim til helga !! På butikken der ho handlar mat hadde ho sett desse fuglane og tenkte at desse hadde nok eg likt.Ho kjøpte tre med seg heim og eg vart så glad!! Desse skal nok bli fine ute til sommaren.
I dag har vi vore på tur til Førde og når vi er der må eg alltid på bruktbutikken. I dag var eg heldig og fann denne muggen.Den passar flott inn i samlinga mi.Resten av samlinga skal de få sjå når eg eingong har fått måla skåpet dei skal stå i. No er det laurdagskveld og eg skal strikke !!!


4 kommentarer:

Strikkebesta sa...

Samlar du på mugger? Det er i alle fall eit flott eksemplar du har funne på bruktbutikken i dag! Eg har ikkje hatt noko samleobjekt tidlegare, men etter at eg etterlyste syltekrukker med lôk til solbærsylta mi, er eg brått eigar av fem slike krukker. Fine er dei også, derfor har eg funne ut at det får verte mitt samleobjekt:) Kos deg med strikket ditt på laurdagskvelden!

Trollkåno sa...

Å, so flotte fuglar...........mugga var fin òg!

Linda sa...

Ei fin lita mugge det der.

Gamleheksa sa...

Så fine fugler! Det passte kanskje bra siden jeg har en mistanke om at ganske mange av dine fugler har reist over fjellet til storesøster :)