lørdag 10. oktober 2009

Tilbake...

...etter ein pause som slett ikkje var planlagt,men av og til så blir det berre sånn.Siste innlegget handla om vasking av raggegarnet før bruk og det gjekk veldig bra.Tråden vart mjuk og fin og til og med god å strikke med.Men så var det alt arbeidet med å lage hesper.Kom på at på stabburet stod det ein "sak"som var tenkt til sånt.Henta den fram og vaska den for den var ganske så nedstøva og skiten .Anar ikkje kortid denne var i bruk sist men det er nok mange ,mange år sidan.
Den var i litt dårleg stand og mangla litt her og der.
Men mannen i huset tok den med seg ned i "grisefjøsen"(i den delen av fjøsen som vi hadde gris i før har han laga til eit lite verksted og kjøpt inn litt maskiner til trearbeid).Då han kom igjen med den var den fullt brukbar med mange "nye" deler.
Og Oliver er sjølvutnevt "sveivar".Så når han kjem på besøk så må vi alltid lage nokre hesper.


Ein dag denne veka når eg kom heim frå jobb så var det nesten full vinter her.Heldigvis var det sånn berre nokon få dagar.
I dag stod eg opp til sol og blå himmel.Litt kaldt er det for på dammen er det eit tynt lag med is.
Men heller sol og kaldt enn snø og slaps.Så i dag skal alle løkane og blomsterpottene i hus og kanskje får eg gjort litt meir med dammen.Håpar fiskane har det bra under isen.No tykkjer eg nesten synd i dei som skal vere der i heile vinter og det blir frykteleg spennande til våren og sjå om dei har overlevd vinteren.







3 kommentarer:

Linda sa...

eg skal ikkje sei kor mange gongar PR DAG eg har vore inn og leita etter nye innlegg;)

stilig med sånne gamle ting!!! det er jo genialt! kan flytte heim til deg eg, so kan vi hespe om alle dei sokkegarn-hespene...

Orlaug sa...

So flott at mannen kunne fikse det gamle hespetreet....eller heiter det ??????
Flott, iallfall.
Me har heldigvis ikkje hatt snø heilt ned på bøen endå.
Håpar det vert ei stund til......

Strikkebesta sa...

Hei, kjekt med livsteikn frå deg igjen! Artig medd gamle bruksting som blir tekne i bruk att, og flott at du har ein mann som fiksar på det som er øydelagt. Ha ei flott helg med hespelaging:)