tirsdag 19. august 2008

Meir loppemarked

Som eg sa i forrige innlegg så var vi på loppemarked sist fredag og lørdag . Fredagen var eg såvidt innom med same dei opna men fann veldig lite(kanskje på grunn av dårleg tid). Var innom igjen seinare på dag men då var det så lite igjen at eg reiste heim . Lørdag kl 10 var eg på plass igjen med nytt mot .Det var litt rart for den dagen var det veldig lite folk . sikkert berre 10-12 som stod klar då dei opna.Det første vi kjøpte var denne kommoden .Skikkeleg solid trekommode.Denne var det ei som hadde så lyst på at ho fekk kjøpe den . då var eg vel snill !!


2 store pyntepotter(veit ikkje om det heiter det).Desse fekk eg for 10 kr kvar .

2 vinglas til å ha telys i. 5 kr stykke.
2 ting til å sette heite panner på .Eine tilogmed med hane på .5 kr for kvar. Hadde eg venta litt hadde eg fått dei for 2 kr. Desse skal eg ha på hytta .


Så eit stort syskrin .For noken år sia såg eg ei dame som kjøpte eit sånt syskrin og når ho opna det var det stappfullt av syutstyr. Så heldig går det nesten ikkje an å vere !! Det som er feilen med dette er at eg likar ikkje fargen . Skal eg måle det eller........











2 kommentarer:

Orlaug sa...

So mykje fint du fekk tak i. Den kommoden såg skikkeleg solid ut, likte godt det panneunderlaget med hane...fint berre til pynt. For ikkje å snakke om syskrinet, stort og romsleg....hadde sikkert vorte fint med litt maling òg..

Rosa sa...

Så utruleg fin den kommoden var!! Skjønar godt at ei til gjerne ville ha den - og så heldig ho var når du var så snill!

Må òg kommentere kor flinke de har vore i sommarhagen. Det har vorte knallfint der ute, og eg skjønar godt at du skulle ynskje sommaren var lenger. Kanskje strikkelysta rett og slett har gøymt seg på spøterommet, men at ho ikkje vil komma fram før du har vore der inne litt meir enn du har fått tid til i sommar?

God helg til deg og dine!