torsdag 16. april 2009

Vi har funne stein !!!

Og det vil sei MASSE stein . Vi fekk ikkje lov å hente der vi hadde tenkt så då måtte vi finne på noko anna.Heldigvis var det ein som visste om eit grustak der det var mykje fin stein og her kan vi hente så mykje vi vil.Her rasar det ned stein heile tida så søndag skal vi ned og hente meir.
Dette har vi henta i kveld.Flott stein som er rund og fin og som passar perfekt til å ha rundt dammen.
Sånn ser dammen ut no. Vi har fått vekk den store klompen i enden og no skal den gravast litt djupare og så trur eg den må vere litt større.I mårå er det fredag og det er meldt fint veir i helga så då skal vi grave !!!!




4 kommentarer:

Bodil sa...

Det var eit spennande prosjekt. Blir kjekt å sjå når den blir ferdig:)

Sidselsidserk sa...

Så spennende - gleder meg til å følge dette prosjektet. Flott stein;-)

Rosa sa...

her skjer det ting, ser eg! Skal sei de er ivrige i arbeidet, og den steinen såg jo kjempefin ut. Men..skal de ha fisk i den dammen?? Skal husfar sitte _der_ med fiskestanga istadenfor i B-vatnet? :D

Håpar de får ei fin helg med godt arbeidsvèr!

Linda sa...

Håh, ja hadde de ikkje funne nåke brukande stein dar so hadde vi nok begynt å lure, hehe..
skal dåkke få den ferdig før dåkke reise? det er jo berre EI VEKE TIL.. nervøs? reisefeber? kofferten pakka? hihihi

eg gledar meg!!!